Trekk deg tilbake i dei vakre omgivelsane på Lille Leland, der me vil tilbringe helga tett på dyr og natur. Finn roen med kombinasjonen av yoga og ridning. Du vil fort sjå kor godt dette passar saman
Ei helg for berre deg, i godt selskap, der me kan legge vekk alt stress og bekymringar frå kvardagen. Ingen forkunnskap nødvendig, kom akkurat som du er
Program vil sjå ca. slik ut, men me held opent for små forandringar undervegs. Me skal roe ned og kose oss denne helga, og ikkje stresse rundt for å rekke alt
FREDAG
Oppmøte frå 17
Velkomstsirkel og roleg yoga
Lett middag
LAURDAG
Yoga
Frukost
Riding
Fritid
Kveldsaktivitet (f.eks sangsirkel)
SØNDAG
Yoga
Frukost
Riding
Lunsj & avsluttningssirkel
ANAHATA YOGA
Roleg flyt av bevegelser for å opne opp sirkulasjonen i kroppen samt stilne tankane. Gjennom yoga blir me meir bevisste kroppen og ved å integrere yoga i alt anna me gjer kan me bedre lytte til kroppen og gå i takt med den. Den bevisstheta me skapar med yoga er fantastisk å trene på hesteryggen!
LILLE LELAND RIDESENTER
Lene har lang erfaring med hest, og tilrettelegg ridinga etter nivå. Ved forskjellig behov kan gruppa deles i to så det skal passe for alle. Det vil bli fokus på å finne roen med hestene og nyte naturen.
PLANTEBASERT MAT & RÅKAKER
Katrin tek med seg lidenskapen for mat inn i helga, og tilbyr heimelaga, plantebasert & næringsrik mat. Godt for kropp, sjel og sinn.
*Det meste er fri for melk og gluten. Og me brukar kun naturleg søtning. Gi beskjed i god tid dersom du har noko allergi.
Overnatting blir i delt rom/hytte, tett på naturen. Meir info om kva du treng ta med får du ved påmelding.
Påmelding: www.yomasofi.no